AKTIVITETAR  
 

Årdalstangen Feriepark
Ein liten intim Feriepark utan spesielle aktivitetar på plassen, men det finst mange aktivitetar å delta på i nærområdet og ikkje minst på vår andre F eriepark, Lærdal Ferie- og Fritidspark 30 km frå Årdalstangen. Lærdal Ferie- og Fritidspark har både robåtar og motorbåtar til leige, eller kano. Kanskje det fristar med ein fisketur på Sognefjorden, verdas lengste og djupaste fjord.

  • Syklar og trøbilar til leige
  • Tennisbane og sandvolleyballbane

Badestrand
Når temperaturen tillet det, anbefalar vi ein forfriskande symjetur i Sogne-fjorden, badestrand 50 meter frå Lærdal Ferie- og Fritidspark. - Eller fristar det med ein fjelltur? Mange alternativ frå ein times kort og flat vandretur langs elvebredden, eller lengre dagsturar til 1.000 meters høgde.

500 meter frå friluftsbassenget
Årdalstangen Feriepark ligg og berre 500 meter frå friluftsbassenget på Årdalstangen, eller 10 km frå det store friluftsbassenget i Øvre Årdal, begge med gratis inngang.

Med utgangspunkt frå Ferieparken er det heller ikkje langt til eit godt utgangspunkt for fjellturar eller du køyrer 15 km, så står du ved foten av Utladalen Landskapsvernområde og Jotunheimen Nasjonalpark! Vi formidlar også fjordcruise, turar på Jostedalsbreen og andre rundreiseturar, spør oss!